Forside» Vi tilbyr» Programmer» Respekt

Startskot for Respekt i Mandal


Siste veka i Februar var det oppstart av Respekt i Mandal med forankringsseminar for to skulegrupper. Seks skular deltek fordelt på dei to gruppene deltek. I Vest-klynga finn vi Blomdalen, Frøysland og Furulunden og i Øst-klynga Ime, Holum og Vassmyra.

Mandal har hatt ei spennande opptakt til deltaking i Respekt, seier Erling Roland som saman med Elsa Westergård og Sigrun K. Ertesvåg leia forankringsseminara. Her synes det som mange gode krefter ynskjer eit godt og systematisk arbeid for å styrke læringsmiljøet ved skulane i kommunen. Foreldregruppa har ønska ei brei satsing på eit anti-mobbe program. Bystyre har vedtatt ein plan for barn og unge ”Fra God Til Bedre” som støttar opp om ei slik satsing. Samstundes har det vore ein prosess i rektorkollegiet som til sist enda med eit vedtak om å søkje deltaking i Respekt for alle seks skulane i kommunen. Vi vurderte fleire program og landa til slutt på Respekt seier Tor Sverre Bentsen, skulefagleg rådgjevar i Mandal kommune. Eit alternativ var eit reint anti-mobbeprogram som til dømes Zero, men vi valde til sist Respekt som er ei breiare satsing på læringsmiljø seier han, og no er vi i gang.

Respekt er eit krevjande program og prosessen fram mot ei avgjersle om å delta har gitt skulane i Mandal eit svært utgangpunkt for å lykkast med Respekt-arbeidet, seier Roland. Vi merkar at skulane er godt førebudde og motivasjonen for arbeidet er på topp. Når foreldre og politikarar viser interesse er det grunn til å tru at dei også vil støtte aktivt opp om arbeidet. Det har vi allereie sett døme på mellom anna ved at varaordførar Tore Askildsen vitja eit av forankringsseminara for å halde seg orientert. Gjennom forankringsseminara har skulane lagt eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. Vi gler oss stort til fortsettelsen, seier han. Erling Roland leiar for teamet frå Senter for atferdsforsking som skal arbeide saman med skulane i Mandal dei neste to og eit halvt åra. Teamet består i tillegg av Elsa Westergård og Hildegunn Fandrem.
 

Første kursdag for alle tilsette ved skulane ”God start” vert 26.april. Heftet ”Klasseledelse og atferdsvansker” som er del av materiellet i Respekt set fokus på tematikken for denne kursdagen og kursdag 2 om klasseleiing.
 


Sist oppdatert av Trude Havik (10.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Respektnettet

Respektnettet er et eget nettområde for skoler som er med i Respekt. Her ligger informasjon om programmet, materiell og nyhetssaker fra SAF og Respektskoler. Hver skole har sitt brukernavn og passord.

Respektprogrammet
  • Respekt er et skoleutviklingsprogram utviklet ved Senter for atferdsforskning.
  • Respekt skal hjelpe skoler til å utvikle og realisere sitt potensial for godt lærings- og sosialt miljø.
  • Respekt bygger på nasjonal og internasjonal forskning og erfaring.
  • Programperioden strekker seg over to år.
  • Programmet har hovedfokus på mobbing, konsentrasjon og disiplin.

Alle voksne skal vise at de er tydelige omsorgspersoner. Respekt betyr at elevene skal vise respekt for hverandre, læreren skal vise respekt for den enkelte elev og elevene skal vise læreren respekt.

Les mer om Respekt (pdf).